Saman med medlemer frå dei næraste sognebygdene til Leikanger startar fylkesleiaren dagen med å ta i bruk dei fleste parkeringsplassane ved Statens Hus og fylkeshuset på Leikanger.  - Det er i desse to bygningane at mange avgjerder som vedkjem fylket vert vedtekne, og det er i Statens Hus vi finn Staten sin øvste representant i fylket.  - Mange av dei som arbeider i desse bygningane er med og forvaltar store summar tildelt fylket over jordbruksavtalen.  Det vedkjem både tilsette hos fylkesmannen, Innovasjon Norge og hos fylkeskommunen.  For desse offentlege arbeidsplassane er eit oppegåande og livskraftig landbruk avgjerande.