Audun Skjervøy gjer greie for utfordringar og moglegheiter for jordbærproduksjonen i Valldal. Fokus på avsetnadssituasjonen fro industribær etter at Gartnerhallen har sagt opp avtale.

 

Svein Arne Øye orienterer om pelsdyrproduksjon på Øye.

 

Styret i Norges Bondelag og representantar frå Møre- og Romdal, Sogn og Fjordane og Hordaland Bondelag samla på Øye onsdag morgon før båt skal skysse dei inn til Leira inst i Hjørundfjorden.

 

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane og leiaren i Norges Bondelag på Øye onsdag 17.august.

 

I bygda Viddal er det i dag ikkje eit einaste beitedyr. Mykje av arealet vert slege og frakta i rundballar til Leira og Hornindal.

 

Ragna Skjerdal står for kunsten på fjøsveggen på Leira.

 

Magnus Skjerdal og familien har det godt som geitemjølkprodusentar på Leira, men han vert vemodig av å sjå alle bruka der det ikkje er drift, og der det ikkje bur folk. Han kunne tenkt seg fleire naboar.

 

Godt humør under besøket hos geitebøndene på Leira i Ørsta kommune.

 

Utsyn frå Leira mot Hjørundfjorden og Jakta (1588 moh).

 

I Hornindal vart det sett fokus på utfordringane med å fornye driftsapparatet i mjølkeproduksjonen på bruk med 15-30 mjølkekyr .

 

På Gausemel driv dei i båsfjøs og har kyrne i utmarka to månader om sommaren. No skal snart kyrne inn att i reinvaska fjøs for å kalve.

 

I bringebærtunnellane i Innvik er førebuingane til neste sesong i gong.

 

Bringebær var tema på gardsbesøk hos Wald Lyslo og Brit Brækhus i Innvik. Her står ho saman med leiaren i Norges Bondelag,  Lars Petter Bartnes.

 

Brit Brækhus orienterer om drifta på garden. Dei er med sine om lag 50 dekar bringebær i tunell, store på bringebær.

 

Brit Brækhus la sterk vekt på kor viktig støtteapparatet kring bringebærproduksjonen er for eit godt resultat. Her representert ved dagleg leiar i Innvik Fruktlager, Henriette Hatling Skåden, fylkesgartnar Jon Anders Stavang og Rune Vereide frå Norsk Landbruksrådgjeving.

 

Fylkesleiar Anders Felde trivst godt i bringebærtunellen.

 

I fjellbygda i Gloppen var slåtten i full gong, og styret i Norges Bondelag fekk oppleve på nært hald kvifor driftsvansketilskot og tilskot til brattlendte bruk er naudsynt.  Bonde Frode Fjellestad orienterte om si drift på eit bruk med sau og gris.

 

Vossakassen er naudsynt i innhaustinga i bratt terreng. Denne traktoren blir brukt til å køyre mellom. Traktoren som vert brukt i slåtten har tvillinghjul.

 

Det er nokon høgdemeter til topps på slåttemarka til Frode Fjellestad. Her står Fjellestad saman med Lars Petter Bartnes og Anders Felde.