Ein ivirg og spent gjeng står klare til å oppdage kva skulen på Mo har å tilby. I år er 15 av dei 20 deltakarane jenter. Av dei 5 vi har snakka med skal alle skal ta fatt på 9. klasse til hausten. Det byrjar derned å dermed å nærme seg valg av vidaregåande skule for dei.  

Thirza van Dijken, frå Svelgen

Er søstra til ein elev ved skulen i dag. 

Tira kjem ikkje frå gard, men har ei interesse for dyr. Søstra var også med på ungdomscamp og har snakka varmt om dette tilbodet, samt framsnakka skulen veldig. Dette har fått Tira til å få lyst å byrja på skulen også.

 Det ho gledar seg mest til denne veka, er å ri og til å møte og bli kjent med nye folk. 

Har lyst å starte på hestelinja, men usikker på kva ho vil drive med i framtida. 

Mina Nathalie Eldstad, frå Svelgen, 

Har famlie som bur på gard i Trøndelag, så kjenner litt til yrket som bonde. 

Mina hadde lyst å lære meir om skulen og valde difor å melde seg på ungdomscampen. Tykte det verka spennande å sjå kva skulen har å tilby. Er veldig usikker på om ho ynskjer å starte på skulen, men denne veka gjev ho ein moglegheit til å sjå kva kvardagen ved naturbruk på vidaregåande har å by på. 

Det ho gleda seg mest til denne veka, er å ri og til å møte nye folk. 

Mina likar dyr, og har lyst å ha ein jobb som går i den retninga. Ho fortel vidare at vennar betyr mykje for kva linje ho kjem til å velge på vidaregåande. 

Kristi Anne Skeide, frå Fjærland

Er oppvaksen på gard der dei held på med mjølkeproduksjon. Har 2 hestar til hobbybruk. 

Kristi Anne meldte seg på ungdomscampen fordi ho tykte det høyrdes kjekk ut. Ho har dessutan planar om å begynne på skulen og synst det var greitt å bli litt kjent med den først. Planen er å starte på naturbruk med hest. 

Ho har bursdag på sjølvaste jonsokafta og gledar seg veldig til det og bålbrenning. Ho er i tillegg i den gruppa som skal få vere i stallen. Ho ser også fram til å bli kjent med nye folk. 

Sina Lio Søvde, frå Årdal

Kjem ikkje frå gard, men har interesse i dyr og gardsdrift. 

Sina har lurt litt på om ho skal gå på skulen, så ville finne ut meir om skulen. Ho meldte seg difor på ungdomscampen i håp om at dette skulle gjere det lettere for ho å bestemme seg. Ynskjet er i tilfelle å starte på naturbruk hest. 

Ho har eit håp om at ungdomscampen også skal gje ho nokon svar på kva ho kan gjere når ho er ferdig på vidaregåande. Draumen er å kunne satse på hest.

Maiken Kvale Skarsbø, frå Årdal

Kjem ikkje frå gard, men bur i byggefelt og har høne i hagen. Hadde høne for nokon år sidan og fekk då masse egg. Dette ser ho fram til å få igjen. 

Ho vart med på ungdomscamp fordi Sina, som òg kjem frå Årdal spurde om ho villle vere med. Maiken trur ikkje at ho vil begynne på skulen. Maiken er glad i dyr og ser framt til å få vere mykje med dyr desse dagane. 

 

Konklusjonen etter å ha snakka med desse 5 ungdommane er at ein kan trygge dei i valet sitt om å velje naturbruksutdanning ved å delta på Ungdomscampen på Mo. Campen gjev eit godt innblikk i kva skulen har å tilby.