- For Sau og lam er det er svært bra med eit auka forkus på styrking av økonomien i bruk av utmarksbeite, men det er også viktig at økonomien i husdyrhaldet vert styrka slik at dyretalet på Vestlandet veks, held Hovland fram.   Det tener ikkje Vestlandsjordbruket om fulldyrka jord og innmarksbeite gror att, slik vi ser tendensar til i deler av fylket vårt.  Jordbruksmeldinga motseier seg sjølv fleire stader og beiting er eitt av desse punkta, seier Hovland.   Han syner til følgjande tekst på side 82 i meldinga:  Særlig i deler av landet er det en utfordring at fulldyrka og overflatedyrka grasarealer går ut av produksjon. For å kunne opprettholde arealbruken over hele landet og utnytte utmarksressursene, er dyretallet avgjørende for å utnytte disse fôrressursene. Derfor er ordninger som bidrar til å opprettholde produksjonen og dyretallet viktig.

I staden for å fokusere på det som verkeleg dug - ei styrking av verkemiddelbruken med mål om betra økonomi vender ein heile tida attende til forenklinga som den verkelege grunngjevinga for dei framlegga som kjem.  Soleis også for verkemiddel knytt til beiting, seier Hovland :  Regjeringen mener det er viktig å utnytte landets betydelige beiteressurser, men at beitebruken på det enkelte bruk bør tilpasses ressursgrunnlaget og rammebetingelsene for øvrig. Som et ledd i forenklingen av virkemiddelbruken mener regjeringen at tiltakene for å stimulere til beiting bør samles på færre ordninger. Dette taler for at tilskudd til beiting prioriteres til utnyttelse av utmarksressursene. En kan også vurdere å utmåle tilskuddet på grunnlag av dyrenes samlede beitetid.

- Ein skriv at dyretal er viktig for å oppnå resultat med beiting, men i staden for å sjå på kva verkemiddel som kan auke tal dyr på beite, vert fokuset korleis ein kan fjerne ordningar for å få færre ordningar.  Forenkling sett med regjeringa sine auge = færre ordningar.  Forenkling kan for bli lik Forverring, sjølv om tanken om fokus på utmarksbeite er bra, avsluttar Hovland.