LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Forslaget er elendig og provoserande, seier Anders Felde.

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag meiner Regjeringa ikkje tek høyringsinnspela på alvor, og fortel at han er overraska over kor dårleg kompensasjonen er.

- Dei tek ikkje rett å slett ikkje pelsdyrbøndene på alvor, dette er useriøst. Det er familiar som mister sitt økonomiske grunnlag, investeringar er verdilause og gardane går ned i verdi.

Forslaget om å forby pelsdyrhald i Norge innan 2025 kom som eit resultat av regjeringsforhandlingane på Jeløya i 2018. FrP og Høgre valde då å ofre næringa for å få Venstre inn i regjeringa.

- Eg håpar politikarane tek innover seg alvoret det er å legge inn næringsforbod. For norsk næringsliv er dette ei alvorleg inngripen i det å drive næring.

 

Mager kompensasjon

I det opphavlege lovforslaget, som vart fremma i november i fjor, føreslo regjeringa ein kompensasjon for dei ramma på 365 millionar kroner.  Etter høyringsrunden og KrF sitt inntog i regjeringa er denne summen no auka til cirka 500 millionar kroner.

- Eg har fått klare signal frå politikarar som sa det skulle kome eit anstendig forslag til kompensasjon, eg er skuffa. Summen som er foreslått er ikkje nær ei erstatning for folk som mister heile næringsgrunnlaget sitt.

Regjeringa held fast på prinsippet om at det er bokførte verdiar i pelsproduksjonen som skal leggast til grunn for erstatningsutmåling. Dette har vore hovudinnvendinga mot forslaget heile tida, då den modellen ikkje synleggjer den reelle verdien av tapet som pelsdyrbøndene vert utsett for. Når regjeringa ikkje er villig til å endre dette, sjølv om dei samtidig innrømmer at bokført verdi er mangelfullt som erstatningsgrunnlag, verkar det heile som eit kynisk og useriøst spel frå Regjeringa si side.

Anslag frå Oslo Economics og Samfunnsøkonomisk analyse, syner at kompensasjonen må opp på eit nivå på omlag 2 milliardar kroner for å kunne dekke reelle kostnadar, tapte investeringar og tap av framtidige inntekter.   

- Eg meiner politikarane i det minste må gjere opp for seg, slik at dei som er råka får ei anstendig erstatning. Dette er ein trist dag avsluttar Felde.