LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

-Eg fekk vondt langt inn i hjarterota. I filmen blir dyr utsett for unødvendige lidingar, det blir gjort vald mot dyr og det er elendige haldningar frå bøndene. Alt dette er uhaldbart for bønder som driv med dyr.

Det seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

-Det er trist for norsk landbruk at enkeltbønder set heile næringa i eit dårleg lys.

 

Kjenner seg ikkje igjen

-Filmen skapar eit inntrykk av dette gjeld heile næringa. Det er eit bilete eg ikkje kjenner meg igjen i. Norsk dyrevelferd er generell god på alle dyreslag, også gris.

Felde er opprørt etter å ha sett korleis dyra i filmen vert behandla. Han fortel at dyr skal behandlast godt og at regelverket skal fylgjast.

-Dårleg behandling eller vold mot dyr er heilt uakseptabelt. Det skal ikkje skje. Dersom det er bønder som ikkje greier å drive god dyrevelferd, då skal dei ut av næringa.

 

Har teke grep

-Dei siste åra har det blitt teke grep for å betre dyrevelferda, spesielt på svin. I 2018 innførte kjøttbransjen eit dyrevelferdprogram på slaktegris. Der står det mellom anna at ein skal ha fleire veterinærbesøk med fokus på leike/rotmateriell og plassen grisane har i bingane.

Felde fortel at alle slaktegrisprodusentar må ha ein godkjent status i helsegris, og at manglande godkjenning får økonomiske konsekvensar for bonden.

-Norsk landbruk jobbar kontinuerleg for å heve dyrevelferda, og dette er eit område me må ha endå større fokus på i framtida.