Hovudmålet med kampanjen er at ein gjennom informasjonsarbeid overfor bonden skal redusere skader og ulukker knytt til gardsarbeidet.

Fagprgrammet på Mo den 3. oktober er retta inn mot både elevane på skulen og bønder. Det vert eit eige program for elevane kl. 09.00-11.30

Etter dette startar den formelle del av HMS kanpanjen i fylket kl.12.15 til ca kl.15.00  der både elevar ved skulen og bønder er målgruppe. Det faglege programmet er det Landbrukets HMS teneste, ved Kolbjørn Taklo, som er ansvarleg for, i samarbeid med landbruksorganisasjonane. Programmet vil ta for seg demonstrasjonar og informasjonstiltak, ved bruk av traktor og jordbruksreiskap. Temaet vil også omhandle korleis handterer brann på garden, ved brannvesenet, m.m.

Målet med kampanjen er elles at ein i løpet av 2012-13 skal skipe til eit fylkesdekkande nettverk av lokale markdagar og fagmøte på temaet, i regi av lokale bondelag, skogeigarlag og produsentlaga til Tine, Nortura og Felleskjøpet, der desse organisasjonane både einskildsvis og i samarbeid vil stå for gjennomføring.

Progam finn du her