Det tiande i rekka av kampanjearrangement i fylket på temaet "Tryggheit og helse i landbruket" vart gjennomført på garden til Jon Søgnen på Sande, 26. november. På gardstunet var det demonstrasjon av rett bruk av verneutstyr og arbeidsteknikk, ved bruk av motorsag og jordbrukstraktor og det kommunale brannvernet hadde innslag om brannberedskap på garden.Kolbjørn Taklo, frå HMS i landbruket, informerer dei frammøtte

Det var også informasjon inne i driftsbygningen om handtering av storfe, sikring av fallulukker og det vart sett folkus på korleis verne seg mot støv og anna helsefare i fjøsmiljøet. Det var også laga ei verneløype med postar der det var informasjon om faremoment for helsa i arbeidsmiljøet på garden og korleis verne seg mot dette.

Kampanjen "Tryggheit og helse i landbruket" er landsdekkande og har som mål å få til ein målretta innsats for ferre arbeidsskader og ulukker i landbruket. Målet er å ha gjennomført eit kampanjedekkande opplegg i fylket innan utgangen av 2013, med eit arrangement i snitt pr. kommune, der markdagar på gardsbruk og temaet er ein del av innhaldet på Tine og Nortura og Felleskjøpet sine produsentlagsmøte.