Tryggare saman i Stryn
Torsdag 28. mars arrangerte lokallaga i Stryn kommune Tryggare saman. Cirka 25 personar fekk med seg den tredje samlinga, der Kolbjørn Taklo frå NLR Vest prata om beredskap på eigen gard.
Tryggare saman er ein kursserie for alle lokallag i Bondelaget. Dei seks lokallaga i Stryn har hatt si tredje av fire samlingar.
Tema denne kvelden var beredskap på eigen gard.
Neste samling vert onsdag 24.april klokka 20.00 på Smak Cafe i Stryn. Då er tema korleis støtte, og korleis ein gjennomfører den vanskelege samtalen med eit menneske som står i ein krevande situasjon. Kort sagt: Korleis blir ein god å prate med? Kurs fire vil gje gode innspel.