FRÅ VENSTRE: Marianne Kvalvik Kvamme (styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag) og Anders Felde (Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag).

 

- Målet er å få fokus på dei politiske partia sine program, og med det få fokus på kor dei vil med landbruket den neste 4-års perioden. Dette dreiar seg mest om kva som skal bli, og ikkje det som har vore, fortel fylkesleiar Anders Felde. 

Fyrste video kjem i kveld, og Felde håpar på stort engasjement. 

- Eg håpar folk får det med seg. Eg ynskjer meir diskusjon rundt landbrukspolitikken både i media, og rundt kjøkkenbordet.

I kveld står Miljøpartiet De Grønne på programmet.   

- Eg håpar valvideoane bidreg til at matpolitikk blir litt av grunnlaget for det partiet folk vel å stemme på.  

 

Liste over når dei ulike videoane kjem: 

- Onsdag 30.august: MDG

- Torsdag 31. august: Frp

- Fredag 1. september: Ap

- Laurdag 2.september: Sv

- Søndag 3. sepptember: H

- Måndag 4. september: Sp

- Tysdag 5. september: V

- Onsdag 6. september: Krf

- Torsdag 7. september Raudt

 

Rekkjefølgja er trekt heilt vilkårleg i ei loddtrekning.