Det er tala frå Budsjettnemnda for jordbruket, som vart lagt fram i dag som syner denne utviklinga.  Ubalansen vedrørande feitt i mjølkeproduksjonen og overproduksjon av svinekjøt gjev reduserte prisar for desse produkta, samstundes som kostnadene på innsatsfaktorar i produksjonen aukar.

- Det vil ikkje vere akseptabelt med ein inntektsnedgang for ei næring som har så lågt inntektsnivå som landbruket, held ein engasjert fylkesleiar fram.   Han forventar at det komande jordbruksoppgjeret tek inntektsutviklinga i heile næringa på alvor og finn fram til prioriteringar og verkemiddel som også styrkar økonomien i dei viktige grovforbaserte produksjonane i distrikta.