I tala til årsmøtet sa Felde følgjande om Jordbruksmeldinga som no er til politisk handsaming i Næringskomiteen og som skal opp i Stortinget den 28. mars:

Jordbruksmeldinga som kom 9. desember, fører landbruket i ei klar liberalistisk retning. Innføringa av eit nytt hovudformål innan landbrukspolitikken;  «ein kostnadseffektiv matproduksjon», er eit langt steg vekk frå tidlegare meldingar. I tillegg svekkjer ein inntektsmålet, då det «i større grad enn i dag skal avveie inntektsmålet mot andre målsettinger». Begge deler er avgjerande at vi får fjerna under behandlinga av meldinga. Stortingsmeldinga frå Brekk, «Velkomen til bords» løfta opp inntektsmålsettinga som det viktigaste for å nå dei jordbrukspolitiske måla. Og peika på tetting av gap mot andre grupper som avgjerande. Dette må vi få vidareført også i denne meldinga.

Det har vore ei aldri so liten diskusjon med ministeren kring inntektsutviklinga på Vestlandet. Bondelaget har vore tydlege på at inntektsbildet er nyansert; dei største gardane, også i våre områder, har ei god inntektsutvikling. Medan dei små og mellomstore har svak eller ingen inntektsutvikling. Nationen kjem med ein artikkel om tilskotsutviklinga frå 2012 til 2016. Kva fylke har tapt mest endringar i tilskot ? Det er Sogn og Fjordane, med ein nedgang på knappe 6% (15 mill kroner). Omlegging av arealtilskot, fjerning eller heving av tak på tilskot og kutt i strukturverkemiddel på sau er noko av forklaringa.  Skal vi treffe dei små og mellomstore bruka i framtidig inntektsutvikling treng vi verkemiddel som treff godt. Jordbruksmeldinga peikar på forenkling, og eit «revolusjonsalternativ» som kuttar verkemiddela i landbrukspolitikken ned til 6-7 ordningar. Avløysartilskotet er allereie føreslått fjerna, i neste omgang kan frakttilskot bli kutta. Distriktstilskotet blir truleg løfta fram som ein «stor» pott som skal aukast. JA, distriktstilskotet er svært viktig for mange av våre produksjonar på Vestlandet, men trur vi at distriktstilskotet er eit treffsikkert grep for å sikre inntektsutviklinga for små og mellomstore bruk ? Svaret er NEI. Skal vi forenkle landbrukspolitikken fører det til ein mindre treffsikker bruk av budsjettmidlar. Politikarane kjem til å sjå at dei misslykkes, og interessa for å auke løyvingane vil gå ned.

Vi som hadde håpt at verkemiddel inn mot det å ta areala i bruk skulle blir løfta opp, vi som håpa på ei investeringspakke mot heile landbruket, vi som håpa på investerings og klima fond, vi som håpa på ei utvikling og forbetring av marknadsordningane. Vi som håpa….. Vi vart skuffa. Visjonen manglar, viljen til å ta tak i dei store utfordringane mangla. Behandlinga av meldinga i Næringskomiteen er utsett fleire gonger, og siste dato vi no har å forhalde oss til er 23. mars. Lat oss håpe det er eit teikn på at  Næringskomiteen og Stortinget verkeleg greier å løfte denne meldinga, slik at den viser ein god veg for Norsk matproduksjon.


Heile Anders Felde si tale til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag