Vi har snakka med Frode Fjellestad, ein bonde med nok å henge fingrane i (som dei fleste andre bønder). Han øvetok garden i 2007, og sidan den gong har han bygd ny sauefjøs, grisefjøsen har blitt bygd på, og den gamle delen av grisefjøsen har blitt pussa opp. Har har skapt sin eigen arbeidsplass!

Når vi snakka med han måtte han på telefon var han travelt opptatt med å følge med på eine purka som grisa (fødde grisungar). Fødselen hadde stoppa opp litt, så han måtte inn å hjelpe til. - Normalt sett ordnar purka det sjølv, men det er viktig å vere der å passe på. Stoppar det opp, kan ein risikere å miste grisungane som står fast i kanalen eller framleis ligg i magen fortel Fjellestad. Etter litt hjelp til å få ut to ungar, gjekk resten fint for seg. 

 

 

- Tal grisungar varierar stort sett mellom 10-22, der dei fleste ligg på 15-16 grisungar. Det kjem litt ann på om purka er førstegongsfødande eller ikkje, held Fjellestad fram. Han er inne i 5 travle dagar med føding. Slik har han det kvar 11. veke. Med å ha eit system med grising kvar 11. veke får ein tid til å vaske ned både tak og veggar, i tillegg til at ein får tørka ut etter vask. Dette reduserar smittepresset, grisane vil soleis bruke mindre energi på å halde seg frisk og vil legge meir på seg med mindre menge fôr. 

Det er strenge krav til dei som kjem på besøk til fjøsen i stor kontrast til korleis det var når Fjellestad vaks opp. No må ein ha på hanskar, munnbind, frakk og overtrekksko. - Når eg vaks opp sprang naboungane inn og ut av fjøsen utan at ein tenkte noko særleg over det, fortel Fjellestad. Norge er det einaste landet i verda som har kontroll på MRSA bakterien som er motstandsdyktig mot Penecillin. Det er noko norske svinebønder skal vere stolt av!

Vi prøvde å lokke ut nokon konkrete grilltips av Fjellestad, men han konkluderte med at grisekjøt på grillen var godt, uansett kva type det var snakk om!