Som bonde er det mange val ein må ta for drifta si i løpet av eit år, og då 10. klassingane ved Vassenden skule spelte Landbruksspelet kom dei bort i mange av dei same problemstillingane. Elevane har fått beskjed om at dei er nøydde til å kjøpe traktor, og diskusjonane går i gruppa om denne skal vere ein ny eller brukt. -Ein brukt er jo nesten halve prisen då, seier ein elev i det ho kastar eit gløtt ned på arket der dei held oversikta over kapitalen som er tilgjengeleg. Elevane får innspel frå rettleiar Eva Kristin Årdal frå Jølster Bondelag, som forklarar kva faktorar bonden bør ta omsyn til når ho står ovanfor slike val.

Spelet gjev innsikt i mykje av det som går føre seg på ein gard. Det vart handla maskiner og driftsmiddel, seld mjølk, slakt og tømmer, sett opp gjødselplan og leigd ut hytte i utmark. I løpet av dagen vart elevane også stilt ovanfor nokre av dei usikre faktorane som kan gjere seg gjeldande. Her var tilfelle av både sjukdom på husdyr og kalvar på rømmen, men også positive hendingar som etterbetaling og ekstra inntekter frå juletresal.

Etter ein lang dag kom oppgjerets time. Sjølv om dagsverket berre var del av eit spel, hadde elevane gjort seg erfaringar med bondekvardagen: "Det skjer noko heile tida. Og det var mykje dyrt vi måtte kjøpe. Men det var kjekt og..."

Landbruksspelet vert gjeve ut av Studieforbundet Næring og samfunn Nordenfjeldske. Sogn og Fjordane Bondelag nyttar spelet som eit tilbod til avgangsklassar på skular som tek del i prosjekt: "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane"

Avgangsklassane ved Vassenden skule var bønder for ein dag då dei var med på Landbruksspelet