LÆRAR: Nils Jørgen Helgheim.

 

- I dag sorterer me poteter. Dei dårlege skal ein stad, dei som skal nyttast til dyrefôr skal ein anna stad og potetene me sel skal i sekker. 

Nils Jørgen Helgheim er lærar i planteproduksjon på skulen. Han er også driftsleiar for gartneriet. Helgheim let vel over jobben og fortel han har vore ansatt sidan 1978. 

- Eg likar meg veldig godt, arbeidet er variert og spennande. Norskprodusert mat er viktig, difor er det kjekt å lære opp nye generasjonar. 

På skulen har dei mellom anna 10 mål med poteter, troll, pimpernel, kerrs pink og aksel (tidleg potet). 

- Me får gode tilbakemeldingar på potetene me dyrkar. Folk seier dei er gode på smak, og det motiverar. 

 

- Eg skal bli bonde 

Travelt: Elev Vilde Seljeset hadde mykje å gjere då dei sorterte poteter på Mo.

 

- Det er travelt å sortere poteter. Eg har aldri gjort det før, så det er ei ny erfaring. 

Vilde Seljeset fortel at ho hadde ansvaret for å gjere klar sekker til potetene, og at det var travelt. 

- Eg vil seie det var hektisk, samtidig som det var kjekt å lære noko nytt. 

Ifylgje Seljeset er potetene frå Mo veldig populære.

- Dei som selde poteter under matfestivalen Matamål på Sandane, gjekk tom. Det motiverar til å gjere ein ekstra innsats, når ein veit kundane likar maten me sel. 

No går Seljeset fyrste året på Mo, når ho er ferdig er planen klar. 

- Eg skal bli bonde. Eg er odelsjente i Hornindal, og skal ta over garden heime.