LEIAR I GLOPPEN BONDELAG: Einar Duvold. 

 

- I sommar skal eg på ferie til Lista. Det er heimstaden min, seier Einar Duvold. 

Leiaren i Gloppen Bondelag driv eit bruk med 30 vinterfôra sauer, og fortel at dei er på fjellet alle, med unntak av tre kopplam. 

- Når me reiser vekk har eg nokon som passar på dei. Eg jobbar utanom garden også, og i sommar har eg tre veker fri frå den jobben. Eine veka er eg på Lista, resten går med til slått og anna gardsarbeid. 

 

Koplar ut i ferien

- Det er travelt å kombinere bondelivet og ferie, men det går bra. 

Klarar du kople ut gardsdrifta når du er på tur?

- Det brukar å gå veldig bra. Er ein vekke, så er ein vekke.