- Vi som køyre traktor må vere flinke å køyre til side og sleppe trafikk forbi, dette har vi tid til, seier Anders Felde.
Køyre ut der du kan og slepp trafikken fram. Dette reduserar frustrasjon og farlege forbikøyringar hjå andre billistar held Felde fram.

-Det ligg òg eit ansvar hjå andre bilistar. Dei lyt planlegge forbikøyringane slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar. Det er lov å ta det litt med ro, og nyte det flotte kulturlandskapet ein køyre gjennom. Køyr forbi når det er trygt, eller vent til traktoren køyre til sides!

Felde avsluttar med å minne alle om å bruke sikkerheitsbelte når dei køyrer traktor (og bil)!