Tok attval som leiar
Onsdag 11. oktober hadde Norddalsfjord Bondelag årsmøte.
HELD FRAM SOM LEIAR: Jan Arve Midtbø.
Norddalsfjord Bondelag er eit lag med god aktivitet. I år arrangerte dei mellom anna Open Gard, der rundt 650 mennesker kom innom. Heile styret stilte på regionmøte, og leiaren har delteke på både årsmøte og leiarmøte. I tillegg har leiar Jan Arve Midtbø vore på møte med landbrukssjefen om SMIL-midlar.
Laget har hatt fokus på verving, og i sommar arrangerte dei sommarfest saman med dei to andre lokallaga i kommunen, og det var eit velluka arrangement.
Dei tre lokallaga har eit felles styre i Flora kommune, der dei i vår jobba godt saman under jordbruksforhandlingane.
Norddalsfjord Bondelag samarbeider også med Tine, innkjøpslag og Nortura om ulike turar/arrangement.
Nils Magne Gjengedal kom på møte
STYREMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Nils Magne Gjengedal.
Fylkesstyremedlem Nils Magne Gjengedal orienterte kort om Sogn og Fjordane Bondelag sitt arbeid.
På møte vart det i tillegg diskutert kor mykje sauekjøtet og storfekjøtet ville gå ned. Dei meinte att fylkeslaget måtte vere klare på att innvisteringsstøtta til nye store sauefjøs måtte stoppast.Dei var også klare på att ein måtte passe på storfekjøtet, slik att det ikkje kom i same situasjon som sauen.
Det var også val, der heile styret tok attval.
Styret for komande år:
Leiar: Jan Arve Midtbø
Nestleiar: Per Inge Midtbø
Kasserar: Magnus Andre Sundal
Sekretær: Stig Asle Midtbø
Studieleiar: Magne Eikevik
1.vara: Knut Solheim
2.vara: Magnar Norddal
3. vara: Arild Norddal