Kan det verkeleg vere sant?  Ja, det er dessverre verkeleg sant.  Det er dessverre kvardagslivet frå Ytre Sogn denne sommaren òg. 

For tredje sommaren på rad har bøndene i ytre delar av Sogn og Sunnfjord ein ulv luskande i beiteområda deira. Me har vore med på tilsynsrunde saman med nokre av bøndene. Ingen av bøndene ynskjer å stå fram med namn. - Påkjenninga er stor nok av ulven aleine, seier dei. For ulv er eit tema som engasjerar, og meiningane er delte kringom i landet. Men den faktiske påkjenninga av å leve med ein ulv tett på, er det ikkje so mange av oss som kjenner til. I og med at Sogn og Fjordane ligg i beiteprioritert område hadde nok dei fleste av oss tenkt at dette er noko me aldri treng uroe oss for. Men slik har det ikkje vore i ytterste del av fylket dei siste tre åra.

Me vart med på ein tilsynsrunde onsdag den 15.juli. Alt verka roleg, sauene kom bort til bonden og helsa på. Men sjølv om alt ved første augekast ser roleg og fint ut, var det likevel noko som ikkje stemte. - Du høyre ikkje til her, seier bonden og ser på det eine lammet. Sauen vi treffer står her med eit av sine eigne lam og eit lam som eigentleg høyrer til ein annan sau. - Kor har du gjort av det andre lammet ditt? Og kor er mor di? Sauen stampar i marka og gjer tydeleg beskjed om at hunden til bonden ikkje skal komme for nær. Hunden har vore med i fjøsen både morgon og kveld, men no reagerar sauen på ho. Me står og speidar utover fjellandskapet og ser ein sau med to lam gå ca 200 m i luftlinje frå oss. Dagen etter, 16.juli om morgonen, kjem telefonen frå ein som er på tur i området. Ein sau og to lam har blitt drept av ulven, på same plassen. Eit anna lam spring skremt rundt med blodig hals. Fellingslaget organiserar seg og rykker ut. Bonden hiv frå seg arbeidet og legg ut på ny heildags fjelltur.

Eit vondt syn som møter bonden på fjellet. Dagen før gjekk lammet med mora og beita. Turgåaren som varsla om kadavera, venta i nærleiken til bonden kom fram. - Det er fantastisk at folk bryr seg og vil hjelpe oss i ein sånn situasjon, seier bonden.

Etter at ulven kom til området har tilsynrundane blitt hyppigare. Kravet er å ha tilsyn med småfe på utmarksbeite ein gong i veka, men somme av bøndene har no tilsyn med dyra minimum annankvar dag. - Eg går so ofte eg kan, helst kvar dag men minimum annankvar dag. Du går og tenkjer på det heile tida og får dårleg samvit om det er ein dag du ikkje har moglegheit til å gå, fortel ein bonde. Dyra går spreidde over eit enormt areal som du ikkje når over på ein dag. Turane tek ofte 6 timar, 10 timar er den lengste so langt i sommar. Det seier seg sjølv at dette går på bekosting av andre ting ein helst skulle gjort om sommaren. - Det er ikkje slik at sommar er ferie for bonden. Du slepp fjøsstellet, men istadenfor skal det gjødslast, slåtten skal takast, fjøsane skal vaskast, og du skal ha vedlikehald på bygningar, utstyr og bøane dine. Kanskje kunne ein tenkje seg å ha 3 dagar fri og komme seg vekk ein liten tur, men det kan me gløyme no.

 

Alle sansar er i bruk

Å gå på fjellet er heller ikkje slik det var før. - Du er nesten meir sleten i nakken og hovudet enn i beina. Du stirrar på bakken kring deg for å sjå etter spor, du speidar etter rovfugl, høyrer du ein ramn aukar pulsen med ein gong. Du går sikk-sakk for å få dekka mest mogleg av terrenget i tilfelle det skulle ligge eit kadaver du ikkje ser. Og ikkje minst so går du og luktar etter kadaver-lukta, fortel bonden vidare. Mykje ramn og ørn er som regel sikre teikn på at det ligg kadaver i området. - Det første året med ulveangrep kunne me telje opp mot 50-60 ramn og ørn som kretsa langs etter ei li der sauene våra bruka å gå. Det var som tatt ut av ein skrekkfilm. Seinare den dagen fann me 8 kadaver som låg bortetter lia, fortel ein anna bonde. Bonden let vel over at naboar og andre er flinke på å varsle dersom ein ser mykje rovfugl eller høyrer teikn på at saueflokken er jaga. I tillegg er ein blitt flink på å snakkast og koordinere tilsynsrundane. - Dersom nokon av oss oppleve at flokken er uroleg eller finn kadaver, gir vi beskjed vidare og held kvarandre oppdaterte.

Dette har blitt standardutstyr i bøndene sine sekkar som er med til fjells: handsag og saks for å klippe ned vegetasjon til å dekke til kadavera, kniv, plasthanskar og plastposar for å ta vare på eventuelle spor.

Viktig å ha noko som målestokk når ein finn spor på fjellet. Sporet vart bekrefta som ulv.

 

Halvfull fjøs i vinter

Den eine bonden fortel at dei brukar ha 60 vinterfora sauer. - I fjor mista me 21 lam og 4 sauer til ulven på fjellbeite. Då dyra kom nedatt frå fjellet, viste det seg at ytterlegare 9 sauer hadde fått øydelagt jura sine. Dette kom nok av at dei fekk jurebetennelse som følgje av at lamba brått var vekke. Dermed måtte desse dyra sendast til slakt, fortel bonden. - Me var òg nødt til å levere ein viss andel dyr til slakt, og dermed enda me opp med å kun ha 35 sauer igjen til å ha gjennom vinteren. Dette får sjølvsagt store økonomiske konsekvensar oppatt på alt det andre, seier bonden.

Då dei tok sauen opp av vatnet kunne ein sjå tydeleg bitemerke i nakken. SNO bekrefta at det var ulven som hadde drepe sauen.

 

Kjensla av å vere makteslaus

Frustrasjonen er byrja å bli stor blant bøndene, ein bonde har allereie lagt ned drifta som følgje av ulven. - Eg trur ikkje folk forstår kor tungt det er å leve med dette! Nattesøvnen ryk, du går med høge skuldra og klump i magen fram til du har fått dyra inn i fjøsen for vinteren. Du går heile året gjennom og steller med dyra dine, hjelper dei gjennom fødsel, får mat i lamma og gjer alt for at du skal ha trygge, fornøgde og tamme dyr. So ventar fjellet om sommaren. Du gjer dei klar, tar bjelle på dei vaksne dyra og kjenne klumpen i magen byrja å lage seg til. For kva ventar på dei der oppe denne sommaren?  Helst vil du halde dei heime, men det har du ikkje beite til. Og so kjem frustrasjonen, for kvifor skal du måtte halde dei heime? Og kvifor skal du måtte bruke heile sommaren på å vere redd for dyra dine? Det ligg jo føre eit Stortingsvedtak på at dette skal vere eit beiteprioritert område. Då MÅ det følgjast opp og beitedyra MÅ prioriterast! No har det tatt tre år og ulven er her framleis, kor lenge skal me måtte ha det slik? spør bonden, tydeleg frustrert.

Ein vaksen sau aleine med 7 lam, kun eit par av dei er hennar eigne. - Det er kaos i flokkane når ulven er her, seier bøndene.

 Ein merkar at ulven set spor i fleire i bygdene, ikkje berre bøndene. Ungar er redde for å stå og vente på bussen i mørke om morgonen, folk er redde for å gå aleine til fjells, somme er redde for å ta med hundane sine til fjells. - Ulven har vore observert og i somme tilfelle angripe og drept lam ikkje langt frå husa til folk. Han har blitt sett fleire gonger midt på lyse dagen langs hovudvegar, han har blitt observert i populære turområde. Det er klart ein blir redd.

- Fellingslaget har lagt ned ein enorm innsats. Dei gjer ein god jobb, men dei er avhengig av heilt ferske spor og at folk har høve til å rykke ut på kort varsel. I tillegg har dei jo ein jobb utanom å vere jeger og dei bur spreidd rundt omkring i fylket. Dermed tek det tid før dei klarer å få alle på plass. Dessutan er ikkje ulvejakt på Vestlandet det same som i ulvesona aust på. Geografien er heilt annleis, og teknikkar som fungerar godt på Austlandet vil ikkje fungere like godt her. Sjølv om dei ikkje har lukkast med å ta ut ulven endå, so bygger dei kunnskap for kvar runde dei tek. Men dei leitar etter den berømte nåla i høystakken, og denne nåla kan bevege seg 5 mil på ein dag. Det gjer at dei har ein vanskeleg jobb, seier ein bonde.

 

Tilsett gjetar

Beitelaga i Hyllestad og Høyanger kommune har denne sommaren fått stønad til å setje inn gjetarar. Det har allereie blitt mange turar og timar i fjellet. 

Kikkerten er alltid med på tur.

- Det var eigentleg litt tilfeldig at eg fekk vite at beitelaget hadde fått midlar til gjeting. Eg tenkte dette kunne vere ein grei sommarjobb sidan eg er glad i å gå i fjellet. Eg er oppvaksen på gard, og vi har sjølv saue i det aktuelle beiteområdet, fortel gjetaren. - Eg tykkjer først og fremst det er trasig at det skal vere nødvendig med eit slikt hyppig tilsyn til dyra i eit beiteprioritert område. Sjølvsagt må dyra ha tilsyn, men ikkje på denne måten.

Noko av terrenget gjetaren går i.

Det er eit stort areal gjetaren skal dekke. - Eg prøver å legge opp turane slik at eg når over heile området utan for stort tidsrom mellom kvar gong eg er på kvar plass. Allereie første veka gjekk eg heile 20 timar på 3 dagar, og då med mest fokus på området dei hadde funne siste spora etter han, fortel gjetaren. På turane fokuserar gjetaren på å sjå etter spor, ekskrement, fugl og korleis sauene ho møter oppfører seg. Er dei rolege eller urolege?

Gjetaren er i utgangspunktet veldig glad i å gå i fjellet, men tanken på å ha ein ulv luskande kring seg er ikkje noko særleg kjekt. Mora har vore med på fleire av turane når ein har visst at ulven har vore i området. - Det var litt ekkelt å få beskjed om at ulven var i området akkurat der eg hadde gått. Eg har fått telefon om ferske spor som har vore funne rett etter eg har gått gjennom området so då har han vore der samtidig med meg. Eg trur ulven har stålkontroll på oss menneske når vi er ute og går, seier gjetaren.
 

Ulven må vekk!

- Ulven skulle vore tatt for lenge sidan. No må den vekk, og det snarast mogleg, seier fylkesleiar Anders Felde. - Ein kan jo tenkje med seg sjølv kva psykisk belasting dette er for bonden. Det er tungt å måtte gå i fjellet og leite etter kadaver, og det endar gjerne med at folk kvir seg for å gå fordi dei er redde for kva dei kan finne, held han fram. Han har god forståing for at det er ein fortvilande situasjon for alle som driv med småfe i området. - Det er ekstra sårt at det skjer i dette området, so langt vekke frå ulvesona, der dei allereie er få bønder som gjerne driv gardsbruk med bratte teigar og mykje arbeid. So kjem ulveangrep på toppen av alt anna strev. Det blir endå ein grunn til å kaste inn handduken og gi opp, noko som igjen er negativt for både landskap, busetjing og ikkje minst matproduksjonen vår. Me treng bøndene der ute!

Felde er tydeleg på at det offentlege no må gå inn med større tiltak for å få tatt ulven. - Vi forventar og krev at det blir sett inn meir ressursar slik at ulven er tatt ut innan ny beitesesong. Fleire har allereie gitt seg, og dette kan vere dråpen som får fleire til å gi seg. Produksjonen som føregår der er viktig for matproduksjonen til landet vårt og er god utnytting av ressursane. Ulven skal ikkje vere der, og no har me klare forventingar om at jakta skal gå fortløpande fram til ulven er tatt ut, seier Felde.