- Det går mykje kjappare å finne sauene i fjellet no som me har e-bjeller på dei, seier Hanne Lisbeth Nybø. Saueflokken har eit stort område dei beitar i, og då er det til god hjelp å ha ein app som viser kvar dyra er slik at vi byrjar å leite i "rett ende". - Tidlegare når me kun hadde bjelleklangen å gå etter, kunne ein vere sikker på at når me endeleg var komen fram til flokken me høyrde lyden av i det fjerne, så var det naboen sine sauer og ikkje våra som gjekk der.

Med oppdatert oversikt på appen la me i veg frå innst i Mølmesdalen på Nedre Lavikdal. og vi måtte ikkje gå langt før vi traff på første gjengen.

Tilsynet har blitt meir effektivt med god oversikt over kvar dyra oppheld seg.

 

Står og lurer oppi lia.

 

Litt snop må til.

 

Meir interessant å bite på rompetaska enn å bli tatt bilete av.

 

Med ein pose sauemjøl i neven blir ein fort den mest populære i saueflokken, og ikkje alle klarar å vente på tur...

 

Grønt så langt auga ser, her kan dei kose seg lenge.

 

Hårsåte eller høysåte? Greit å inspisere for å vere sikker.

 

Det er sjeldan dårleg utsikt når ein går i fjellet. Utsikt over Mølmesdal, Nedre Lavikdal og Lihesten i det fjerne.