Fylkesmannen har framleis over 5 mill kr til utsiktsrydding til fordeling i 2017.

 

Kva er utsiktsrydding

Utsiktsrydding er her meint som rydding av vegetasjon langsmed veg eller sti som gjev auka utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap frå vegen eller stien. Det kan vera utsikt til det nære jordbruksarealet som slåttemark, innmarksbeite, fruktfelt osv. Eller det kan vera utsikt til det fjerne jordbruksarealet som til gardane og innmarka på andre sida av vatnet eller dalen. Alle som har organisasjonsnummer og grunneigarløyve kan søkja om tilskot, og det vert i år i utgangspunktet gjeve 70% tilskot av godkjent kostnadsoverslag for sjølve ryddearbeidet.

 

Kombiner beiterydding og utsiktsrydding

I mange tilfelle kan utsiktsrydding vera heilt eller delvis samanfallande med rydding av beite, så sant beitet ligg langs ein veg som er open for allmenn ferdsel. Dersom arealet som skal ryddast skal nyttast til beite etter rydding, er kravet til utsikt til jordbruksareal oppfylt; utsikt til innmarksbeite i drift. Det er derimot berre den delen av beitet som ein kan sjå frå vegen eller stien som ein kan søka om utsiktsryddingsmidlar til, men til ryddinga av resten av beitet kan ein vurdera å søka om SMIL-midlar. For den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen, og som vert godkjent som utsiktsrydding, vert det mange gevinstar å henta:

  • Inntil 70% finansiering av ryddearbeidet
  • Virket kan nyttast som ved/bioenergi til eige bruk eller sal
  • Meir beite/større beiteareal
  • Auka arealtilskot viss tiltaket er ny-etablering av beite
  • Auka arealtilskot viss tiltaket gjev omklassifisering av rydda areal frå skog til beite
  • Betre beitekvalitet pga auka solinnstråling til botnvegetasjonen
  • Betre utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap for ålmenta

 

Mange re-og nyetableringar av beite ved utsiktsrydding i Sogn og Fjordane

Det er ynskjeleg at rydningsvirket frå utsiktsrydding vert nytta til bioenergi og at arealet vert beita etter utført rydding, men dette er ikkje eit krav. Til no i 2017 har Fylkesmannen ytt tilskot til 42 søknader om tilskot til utsiktsrydding. Det er svært gledeleg å sjå at ryddingsvirket skal brukast som bioenergi i 71% av desse søknadane og ikkje minst at i heile 64% av søknadane skal arealet heilt eller delvis beitast med husdyr etter rydding! Beitinga held det rydda arealet ope slik at ålmenta beheld utsikta, fylket får auka beiteareal, og ikkje minst får søkar nytt eller betre beite og meir arealtilskot. Dette må seiast å vera vinn – vinn!

 

Nærare informasjon

For nærare informasjon om korleis søka tilskot til utsiktsrydding, sjå først kortfatta info-skriv samt deretter meir utfyllande informasjon på www.fylkesmannen.no/sfj/utsikt, eller kontakt kommunen.

 

Dette skriv fylkesmannen på sine nettsider.