Bøndene i Høyanger er imponerte og stolte over innsatsen til Marte Søreide i Farmen som har gått på TV2 i haust. Heile bygda var samla i samfunnshuset for å sjå finalen på storskjerm. Høyanger Bondelag nytta høvet til å overrekke Marte eit års medlemsskap. Foreldra til Marte tok i mot gåva, og eit Bondevenn-forkle.

På besøk hjå Marte heime på garden, kan ho fortelje at ho gjerne kan tenkje seg å verte bonde. Med interesse for natur, dyr og friluftsliv, er det ikkje utenkjeleg at Marte vert sauebonde på Søreide. Gjerne i kombinasjon med turisme og lokal matproduksjon. Marte er utdanna kokk og veit å setje pris på lokal, kortreist mat. Ho tryllar fram nydeleg mat frå lokal fisk, hjort og sau.

Ingen er i tvil om at Marte kan klare det aller meste, og Bondelaget ønskjer lukke til vidare.

Marte Søreide vart nummer to i Farmen 2015. Det er ikkje utenkjeleg at ho med tida vert sauebonde på Søreide.