STOLT BONDE: Tor Arne Herstad er også 3.vara i fylkesstyret til Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- Me starta å slå på tysdag 5. juni. Etter 30 minuttar datt hjulet på slåmaskina av, heldigvis var me i gang igjen ein time etterpå. 

Herstad fortel at han er med i Tuna samdrift, og at dei har ein kvote på 470 000 liter. I fjøsen står 135 dyr, der 50 er mjølkekyr. 

- Me slår rundt 400 mål. I år er avlingane små, men eg vil seie at kvaliteten er ganske bra.  

 

Førsteslåtten kan vera ferdig på søndag

REKORD:  Herstad fortel at dei kan vera ferdige med førsteslåtten på søndag. 

 

- Eg kan ikkje hugse at me har starta å slå så tidleg før, vanlegvis startar me mellom 15. - 20. juni. 

Under slåtten er det travelt på heimebane, og med tre små born hjelper mor hans til for å få kabalen til å gå opp. 

- Ho bur på garden, og hjelper oss mykje. Det set me stor pris på. 

 

Sjå glimt frå førsteslåtten i Naustdal her: