Marit Flatjord slår cirka 120 mål.

 

- Me byrja slå 10. juni og var ferdig søndag 12.juni. Me måtte slå litt før i år, grunna tørken. 

Vanlegvis byrjar ikkje Flatjord å slå før rundt 20.juni, men då ho såg delar av graset var blitt slitt, ville ho ta det før det vart verre. 

- I år er det mindre mengde, men kvaliteten på graset er veldig bra, fortel Jølster-bonden.

 

Tørt - men inga krise

Dag-Arne Eide er jordbruksrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest.

 

- Graset har fått mykje sol, det er positivt. Det er klart at for enkelte bruk kan det vera tørke, men det er ikkje uvanleg seier Eide. 

Han fortel at det ikkje er noko krise endå. 

- Nei det er det ikkje. Graset har god kvalitet. 

Kva kan bøndene gjere no?

- Det er vatning som gjelder, og dei må ut med husdygjødsel.

Eit råd Flatjord alt har tenkt på. 

- Eg håpar me får litt regn. Elles får eg blande gyllen veldig tynn, slik at det kan fungere som vatning.