Hjå Ingvill Tronrud i Lodalen har boergeitene og hestane kome ut på beite. Her storkosar dei seg i vårsola, både to-føtingar og fir-føtingar.

Både hestane og boergeitene til Ingvill Tronrud kan boltre seg i eit postkortmotiv.

 

 

På Stadlandet hjå Svein Per Ervik er våronna godt i gang  og naboen har fått sauene ut på beitet.

Små og store er ute og nyt vårsola.

I Gaular Bondelag går våronna sin vandte gang og fleire plassar har dyra fått komme ut på beite.

Storleik er inga hindring for å bli gode vener :) Bilete frå Silje Myrmel Øren.

Kristoffer Hauken har fått seg ein fin liten kompis. Bilete frå Thea Johanne Hauken

Bilete frå Thea Johanne Hauken

Stas å vere ute. Bilete frå Nora Birkeland.

I Luster hjå lokallagsleiar Andreas Wiese er det travle dagar med lamming og førebuingar til buføring av 60 mjølkegeiter og ammekyr til heimestølen. Påsettkjea skal straks ut på beite og i ledige stunder i lamminga blir det planta epletre og bærbusker i den nye frukthagen.

Godt med selskap når ein plantar ut epletre.

Det vårast i Luster.

Påsettkjea gler seg til å komme seg på beite...

...og geitene er klare for å gå til heimestølen.