Kurset kom i stand etter initiativ frå landbrukskontoret i Fjaler og Askvoll og målgruppa var både dei som skulle ta over landbrukseigedom og dei som skal overdra eller selje landbrukseigedom.  Med dette som utgangspunkt vartd et ei blanding av rutine og nykomarar i kurset, noko som gjev grunnlag for gode debattar.

Kurset gjekk over to dagar, og ein av innleiarane var fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.  Den første dagen heldt Jostein Angedal dyktige innleiingar kring korleis ein praktisk kan gjennomføre eit eigarskifte i landbruket.  Fylkesleiaren tykte det var svært interessant å høyre på Angedal, som både er ein dyktig pedagog og fagmann.

Den andre dagen var det tema knytt til investeringar, taksering og finansiering, samt tema på korleis ein kan løyse konfliktar som måtte oppstå.  - Dette var verkeleg eit bra kurs, lagt regionalt og bør vere eit tips til andre kommunar, avsluttar fylkesleiaren

Deltakarar og innleiarar på eigarskiftekurs i Fjaler.