Det er på høg tid å planlegge årsmøte i lokallaga, og valnemnda har nok kanskje starta arbeidet. Norges Bondelag har laga eit nytt informasjonsark til valnemnda. Du finn arket her.

Malar for innkalling til årsmøte, lover, tips og råd finn de på bondelaget.no, under "Drift av lokallaget". Medlemslister finn de på ekstranett, vi kan hjelpe deg dersom du må ha (nytt) passord.

Mange av lokallaga sender ut innkalling på e-post og sms i tillegg til å annonsere, men det er framleis mogeleg å få adresseetikettar. Gi beskjed til kontoret, så sender vi i posten.

Fylkesstyret prioriterar å delta på årsmøte hos dei lokallaga som ikkje er representert på leiarmøtet, men ta gjerne kontakt med dykkar  "Fadder" .

Hugs at vi må få dato for årsmøtet sjølv om de ikkje vil ha besøk. Hugs også å sende inn melding om val etter årsmøtet, eller legg det inn på ekstranett. Det er viktig at vi har oversikt over dei tillitsvalde så vi kan sende informasjon til rett person.