MØTETID: Dei neste vekene er det igjen tid for årsmøte i lokallaga. Her frå Oppstryn Bondelag sitt møte i fjor haust.

 

Årsmøtet er ein viktig arena for medlemsdemokratiet. På møtet vert ulike saker handsama og drøfta. Difor er det viktig at folk møter opp og deler meiningane sine. 

Møtene er ein sosial møtestad der ein treff andre medlemmer, i tillegg til at ein også vel tillitsvalde for det kommande året.

Sogn og Fjordane Bondelag oppmodar alle til å stille på årsmøte i sitt lokallag.