Thomas Rastad held fram som leiar for Aurland Bondelag
Tysdag 19.november hadde Aurland Bondelag årsmøte. På programmet sto mellom anna jordvern, salteforbod og besøk av ordføraren.
På årsmøte kom 14 personar. Leiar Thomas Rastad starta med å gå gjennom sakene. Han las også opp årsmøteresulusjonen angåande jordvern i Aurland. Dokumentet fekk god omtale, og vil verte sendt til kommunadministrasjonen innan kort tid.
Beitesesongen og salteforbod
Olav Grønsberg hadde foredrag angåande beitesesongen med salteforbod. Det hadde vore ein utfordrande sesong for både sauebonde og sau. Sidane sauene ikkje finn salt, kjem mange på avvege og bøndene slit med å finne dei igjen.
Ordføraren kom
Trygve Skjerdal, ny ordførar i Aurland kommune, etterlyste ein betre landbruksplan i sitt innlegg. Han var også inne på Lærdal Grønt si satsing, og ba om meir satsing på frukt og bær i Aurland.
Attval på leiar
GRATULASJON: Ole Bjarne Hovland (nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag) gratulerer Thomas Rastad med fornya tillitt.
Styret i Aurland Bodnelag:
Leiar: Thomas Rastad.
Nestleiar: Einar Lie.
Kasserar: Gunnhild Strand Borlaug.
Skrivar: Harald Skjerdal.
Styremedlem: Olav Grønsberg.
1. vara: Ole Christian Åsarmoen.
2.vara Sigurd Vikesland.