Tenk deg om to gonger!
No brakar det laust med førsteslått rundt omkring i fylket, og då er det viktig å hugse på HMS.
Vi går no inn i ei travel tid med slåtten. Det er ofte mykje som skal gjerast på kort tid, og då er det lett for at ein tek nokre snarvegar for å vere sikker på å få gjort det ein skal.
Men, som ordtaket seier, hastverk er lastverk. Vi vil oppmode alle til å tenkje seg om to gonger slik at ein unngår å hamne i potensielt farlege situasjonar.
I slåtten er det viktig å hugse på følgjande:
1. Ha alltid ei stor flaske reint vatn liggande lett tilgjengeleg i traktoren eller der du handterar ensileringsmiddel.
2. Bruk vernebriller og vernehanskar når du handterar ensileringsmiddel.
3. Sist men ikkje minst; bruk alltid sunt bondevet når du er i situasjonar som potensielt kan vere farlege, og tenk deg om to gonger!
Med ynskje om ein skadefri og vellykka førsteslått til alle bønder i fylket!