Vi går no inn i ei travel tid med slåtten. Det er ofte mykje som skal gjerast på kort tid, og då er det lett for at ein tek nokre snarvegar for å vere sikker på å få gjort det ein skal.   

Men, som ordtaket seier, hastverk er lastverk. Vi vil oppmode alle til å tenkje seg om to gonger slik at ein unngår å hamne i potensielt farlege situasjonar.

I slåtten er det viktig å hugse på følgjande:

1. Ha alltid ei stor flaske reint vatn liggande lett tilgjengeleg i traktoren eller der du handterar ensileringsmiddel.

2. Bruk vernebriller og vernehanskar når du handterar ensileringsmiddel.

3. Sist men ikkje minst; bruk alltid sunt bondevet når du er i situasjonar som potensielt kan vere farlege, og tenk deg om to gonger!

 

Med ynskje om ein skadefri og vellykka førsteslått til alle bønder i fylket!