Temadagen vert arrangert på Thon Hotel i Jølster, og vil vera relevant for  bønder, forvaltning, rådgjevarar, politikarar og alle andre som er opptekne av utviklinga i landbruket . 

Bakgrunnen for dette er at alle fjøs skal ha lausdrift innan 2024. 

 

Spennande program

På programmet står mellom anna paneldebatt og ulike innlegg. 

Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, vil prate om status og utfordringar for mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane. Jo Helge Sunde, rådgjevar i Tine Vest, vil ta opp korleis ein skal få med dei små og mellomstore produsentane vidare.

Frå Sogn og Fjordane Bondelag stiller leiar Anders Felde. Han skal snakke om kva landbrukspolitikk og verkemiddel Bondelaget meiner trengst for å halde på mjølkeproduksjonen. 

Heile programmet og informasjon om arrangementet finn du her.