NÆRINGSPOLITISK SJEF I NORGES BONDELAG: Arild Bustnes.

 

- Det er alltid kjekt å kome til Sogn og Fjordane, seier Arild Bustnes. 

Han er næringspolitisk sjef i Norges Bondelag, og han prata mellom anna om vegen fram til Stortingsvalet 11. september 2017. 

- Under leiarmøtet i Førde ville eg få fram kva som står på spel fram mot valget, og innsatsen me faktisk må legge ned framover. 

Bustnes fortel at han fekk mange innspel i løpet av møtet, og at dei blir med han attende til Oslo. 

-Me legg stor vekt på innspela til fylka, og under dette møtet har det vore gode diskusjonar og tydeleg tale. Eg har hatt store øyrer og liten munn. Det å få lytte og prate med aktive tillitsvalde, er ekstra gjevande for oss som er ansatt i Bondelaget. 

 

- Viktig å vera der 

1. NESTLEIAR I NORGES BONDELAG: Bjørn Gimming.

 

- For meg var det viktig å vera til stades, og høyre kva som var viktig på leiarmøte til Sogn og Fjordane Bondelag.

Det fortel Bjørn Gimming. Han er 1. nestleiar i Norges Bondelag, og han let vel over det han såg på møtet.

- Det var ei aktiv forsamling, som hadde gode innspel. Me har notert mykje, og innspela tek me med oss vidare i arbeidet. 

I tillegg til å lytte, fekk Gimming sjans til å fortelje om arbeidet til Norges Bondelag. 

- Det er kjekt for oss i Norges Bondelag, å fortelje lokallaga kva me jobbar med. Oppgåvene me har fokus på akkurat no, er mellom anna statsbudsjettet, jordbruksmeldinga som kjem og valget til neste år. 

 

Nøgd fylkesleiar 

LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Leiarmøtet har vore veldig veldig bra. Me hadde også gruppearbeid, der ein fekk sjans til å diskutere med både Bustnes og Gimming frå Norges Bondelag. 

Felde er glad for at Bustnes og Gimming tek med seg innspela dei fekk, attende til Oslo.

- Det er bra. Det kom mange gode innspel på kva verkemiddel ein skal satse på i framtida, for å få utvikle vestlandsjordbruket på ein god måte.

- Kva håpar du folk på leiarmøtet tok med seg heim?

- At dei skal ha fleire møter med politikarar, verve nye medlem og arrangere fleire Open Gard arrangement. Samfunnet skal merke at landbruket i Sogn og Fjordane er aktivt, og fantastisk. Målet er å vera endå meir synlege i framtida.