BONDE I NORDDALSFJORDEN I FLORA KOMMUNE: Per Inge Midtbø. 

 

 

Per Inge Midtbø er svineprodusent i Norddalsfjord i Flora kommune. Han har 48-50 purker, og leverer 1200 – 1300 slaktegris i året. 


- Sånn som marknaden er no ligg vi 80 øre under målpris.  Eg leverer 100 tonn, og det er 80 000 kroner i tapte inntekter berre der.  I tillegg kjem omsetningsavgifta som grunna overproduksjon vert trekt av oppgjeret som eg får utbetalt., held Midtbø fram.


Auke i kraftfôrpris

Etter staten kom med sitt tilbod i jordbruksforhandlingane 4.mai er det venta ein prisauke på kraftfôr. 

- Prisstiginga på kraftfôr vil utgjere ein kostnad på rundt 19 000 for meg, fortel han.  


Bakgrunnskunnskap

Staten og Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag forhandlar i desse dagar om ei ny jordbruksavtale.   Det skjer i ein situasjon der fleire produksjonar stangar i taket på kor mykje som kan seljast i den norske marknaden.  Særleg gjeld dette for gris og sau/lam.
For dei som produserer gris er det økonomiske tapet stort.  Dette fordi det vert produsert for mykje gris til saman frå alle gardsbruka i landet.   Difor er ein i svinenæringa svært opptekne av å få forhandla fram fleire verkty som kan vere lov å nytte for å få marknaden i balanse.   Vi snakkar då om å kunne regulere tal purker til dømes. Lov til meir samarbeid mellom aktørar for å kunne tilpasse produksjonen til det som er marknad for å få seld.  
 

 

* I teksten har me sett på svineproduksjonen til Midtbø. Han har i tillegg 16 kyr og 50 stutar.