Ordet beredskap har vorte pussa støv av, og eg trur tiltak for å betre beredskapen på ulike nivå i samfunnet vårt vil få stort fokus i 2012 seier fylkesleiar Hilleren.

Slutten av 2011 vart dramatisk for mange innbyggjarar i fylket vårt, og det er synleggjort kor sårbare vi kan vere når veret slår seg vrang slik det gjorde denne jula.  Mange må starte det nye året med mange oppgåver og mange tankar etter stormen Dagmar sine herjingar.  Stormen Dagmar har til dømes lagt mykje skog flat i store deler av fylket, men særlege indre deler av fylket er råka.   Skogeigarlaget har i desse dagar sendt ut ei pressemelding der dei ber folk vere varsame med å starte rydding i vindfallen skog då det er eit svært farleg og krevjande arbeid, og bør berre utførast av folk med erfaring og spesiell opplæring i slikt arbeid.   Kommunane har beredskapsansvar for å organisere kurs i sikker vindfallhogst etter større stormskadar på skog. Kurs kan gjennomførast av Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) med Arnt Laukeland som instruktør. Slike kurs vil bli haldne frå januar og utover vinteren.   Dei som ønskjer slik opplæring tek kontakt med skogansvarleg i eigen kommune. Dette kurset er ei god investering sjølv for dei med solid hogsterfaring.  Skogeigarar som ikkje har høve til å ta hand om stormfelt virke i eigen skog, kan kontakte Sogn og Fjordane Skogeigarlag for å få hjelp.  Skogeigarlaget vil registrere behov for assistanse og vil i fyrste omgang setje inn innsats i dei områda der skadane er størst. 

- Eg vil på ny takke alle som har stått på for å sikre liv og verdiar denne romjula, samstundes som eg vil sende gode ynskje for det nye året til alle og særleg til dei som er råka av uveret denne romjula, avsluttar fylkesleiaren.