Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil be direktoratet om raskt å førebu og setje i verk ekstraordinært uttak av jerv i region 1. Småfehaldarane i indre Sogn har dei siste dagane sett mykje spor av jerv. Samstundes syner informasjon henta frå rovbasen eit urovekkande stort tal jervetisper i fjellområda mellom region 1 og region 3. Vi fryktar at vi går i møte ein beitesesong med svært store tap. Det hastar med å førebu og gjennomføre uttak medan sporingstilhøva og vermeldingane i fjellet er gode.

I rovviltforliket som Stortinget har vedteke står det at dyr som kan utgjere eit skadepotensiale skal takast ut før beitesesongen. Rovviltnemnda i region 1 er svært tydeleg på dette, både i sine mål og i fastsetjing av kvote for lisensjakta. Vi forventar at dette vert følgd opp av Miljødirektoratet og Klima og Miljødepartementet. Dette er heilt naudsynt for å kunne sikre Indre Sogn sin status som beiteprioritert område.

Eit aktiv uttak av jerv før beiteslepp har gitt låge tap av sau sidan katastrofeåret 2014. Vi må unngå at vi kjem i ein ny situasjon det vi opplever store tap før SNO gjennomfører uttak før beiteslepp. Informasjonen i rovbasen syner 8 tisper. 1 er felt i haust i Lom. Sjølv om ein tek omsyn til usikkerheit om at alle dei andre 7 framleis er i live, så må ein rekne med at dei 6 som vart registrerte i 2017 og 2018 framleis er i området. I tillegg må ein ta omsyn til tilveksten i form av 3 ynglingar sist vår. Det tilseier normalt 3 tispekvelpar. 3 ynglerevir er opptekne i Lom og Skjåk. Difor er det sannsynleg at dei unge tispene må etablere sine revir inne i Sogn og Fjordane. Dette er ein svært alvorleg situasjon og må takast på største alvor i uttaket denne vinteren. Uttaket må gjerast så målretta som på nokon måte mogleg for å få teke ut så mange tisper som råd.