GODE MINNER: Trygve Jacobsen ser attende på ei karriere med mange fine opplevingar.

 

- Ein epoke er over. Eg har førebudd meg på dette i halvtanna år no.

Trygve Jacobsen verka å ha forsona seg med realitetane. I februar fyller han 70. Aldersgrensa er nådd. Eit heilt liv er pakka ned i esker. Ikkje berre på kontoret. Jobben har på mange måtar vore livet til den tidlegare rektoren, no sist assisterande rektor og avdelingsleiar.

Som leiar for Naturbruksutdanninga ved Øyrane og Mo vidaregåande skule i Førde har han hatt tenestebustad på skulen. Den same bustaden heilt sidan han byrja her som lærar i 1982. No bryt han opp. Opp frå alt. Flyttar heim til Bergen.

 

Leverer frå seg ein modernisert og populær skule

VELHALDEN SKULE: Nokre av bygga på skulen, mellom anna fjøsen.

 

- På ein måte gler eg meg. Det var søster mi som spurde om eg ikkje kunne komme heim no. Det er fem – seks år sidan ho spurde.

Men han har ikkje hatt tid. Ikkje før no, som pensjonist. Jacobsen treivst rett og slett for godt til å bryte opp tidlegare. Han har hatt ansvar, budd nært på elevane, sett skulen bli modernisert og satsa på. Først no kjenner han seg klar.

- I dag sit vi med ein moderne, fin og velhalden skule med gode søkartal. Vi byrjar å få kapasitetsproblem.

Då kjennest det ok å gi seg. På ein av bølgjetoppane. For det går opp og ned med jordbruksskulane. Dei er prisgitt konjunkturane og landbrukspolitikken, skal ein tru Jacobsen som særleg trekkjer fram 70- og 80-talet som glansperiodar.

- Sjølvsagt har det vore ein kamp, men politikarane sin evne til å gjennomføre store investeringar og moderniseringar ved skulen, har kanskje vore høgdepunktet og den store gleden, seier bergensaren som sjølv har vore aktiv i lokalpolitikken i Førde.

 

Takka nei til medisinstudiet

Trass sine 36 år i Sunnfjord, dialekten avslører han framleis. Trygve Jacobsen har ein bakgrunn der det neppe var forventa at han skulle vie yrkeslivet til landbruket. Han vaks opp i Fjellsiden i Bergen som einaste gut i ein søskenflokk på tre. Kalfaret-dialekten følgjer 69-åringen framleis. Han var byguten som kom inn, men takka nei til medisinstudiet til fordel for landbruksstudiet på Ås. Bergensaren som etter fire år i Harstad kom til Sunnfjord og vart verande.

Ikkje berre vart Jacobsen verande på Mo. Han vart også buande på skuleområdet der mange av elevane bur på internat. Sjølv om han la økonomi- og rekneskapsundervisninga på hylla i 1992 til fordel for meir administrative oppgåver, har han budd tett på framtidas bønder.

- Eg har budd i tenestebustad heile tida. Du har kanskje tenester som ligg litt utover stillinga. Ein tek i eit tak der det trengst, anten det er innhausting eller andre ting. Og ein ser elevane også på frittida, på godt og vondt. Det er mange saker vi har løyst i det stille, og elevar eg har hjelpt.

Ikkje minst har 69-åringen som i mange år bar tittelen rektor funne stor motivasjon i å på nært hald sjå unge komme på rett kjøl.

- Dei som kanskje kjem inn her med ei oppleving av at dei har vore taparar i tidlegare skulegang og framleis forventa å ikkje lykkast. Når du ser korleis du lykkast med å gi desse ei utdanning som kvalifiserer til ei arbeid, og dei blir inkludert i elevflokken vår, så er det ei større glede enn om dei hadde fått toppkarakter.

 

Ser at dei unge er meir sårbare

KONTORET: Slik såg kontoret til Trygve Jacobsen ut.  

 

Sjølv har han fått høyre at han som lærar var streng, men rettferdig. Og at han snakte på inn- og utpust, slik bergensarar gjerne gjer.

Som lærar av den gamle skulen ville han kanskje blitt sett på som streng, om han på tampen hadde bytta ut kontortilværet med klasseromsundervinsing. Jacobsen meiner likevel å sjå ei endring. At dagens unge er meir sårbare. Såre for kritikk.

 - Kanskje er er det litt for mykje dulling heimefrå? Elevane no til dags kjem inn med ein annan bakgrunn enn før. Dei er meir sårbare no. Særleg jentene. Viss eg hadde vore like streng og sett same krav som før, så er er det ikkje alle elvane som hadde vore like komfortable som dei var litt tilbake i tid. Kanskje har ikkje alle vore utsett for god nok grensesetting. Mange er sjølvsagt høflege og greie, men så har vi nokre få som kjem inn og berre skal «ha».

Den ferske pensjonisten strekar under at han ikkje vil svartmale. Kontakten med elevane har gitt han mykje. Og når ein nærmar seg 40 år ved same skulen, er det titt og ofte at ringen på mange måtar har blitt slutta.

- Dei siste åra har mange av elevane sagt at dei skal helse frå far eller mor. Dei hadde meg som lærar. Det set ting i perspektiv. At no har du vore her lenge…

Men Trygve Jacobsen har ikkje kjeda seg. Han er takksam for at han stadig har fått nye leiarutfordringar, og dreg fram internasjonalt samarbeid med skular i Litauen og Tyskland som spesielt gjevande.

 

Losjen og fjellet

TAKKAR FOR SEG: Jacobsen utanfor administrasjonsbygget, der inne hadde han kontoret sitt.

 

Sjølv om han ikkje etablerte seg med famile, har politikk, brorskapet i frimurarlosjen og ikkje minst kjærleiken til fjellet gitt han mykje privat.

- Litt avhengig av jobben, har det blitt to-tre fjellturar i veka. Finne stilla og roen. Tenke litt. Kanskje finn du løysingar på utfordringar på jobb som du ikkje såg der og då. Det synes eg er godt.

Den fjellvande skuleleiaren er glad i både Sunnfjord-fjella og byfjella rundt Bergen. Men Rondane som den store favoritten.

No ventar bylivet i Bergen der ei nyoppussa leilegheit står klar. Enno vil han eit par år til ha verv i Førde gjennom kommunerevisjonen. Men for rekrutteringa til landbruket har Trygve Jacobsen gjort sitt. Han er til vegs ende.

Og jorbruksskulen på Mo?

- Dei klarer seg nok godt utan meg. Skulen er i gode hender, smiler pensjonisten som fyller 70 år 28. februar.