I Aurland fekk formannsskapet vere med på gardsbesøk hos Einar og Gøril Lie, det same fekk lesarane av Sogn Avis i ein fin reportasje, seier Hilleren.  På Nordfjordeid vanka det vaflar om omtale i Fjordabladet og på radioen.  På ferjekaiene på Fodnes, Oppedal og Anda fekk nokon seg ei fin overrasking ein av dagane før påske.  Mange formannsskap og kommunestyre har fått besøk av aktive bønder med eit brennande engasjement som ynskjer å formidle kunnskap om ei svært viktig næring for dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane.   I Stryn fekk kommunestyret presentert bodskapen av leiarane i Stryn og Olden Bondelag. 

- Landbruksnæringa er både du og eg avhengige av kvar dag, held Hilleren fram.  Utan mat og drikke vert det ikkje mykje gjort, seier ein oppglødd fylkesleiar som ynskjer å rette ein stor takk til alle lokallaga som medverka!  No ventar alvoret med førebuingane til årets jordbruksoppgjer, avsluttar Hilleren.