FOTO: Anders Braanaas.

 

Sogn og Fjordane fylkesavdeling av Norsk Ornitologisk Foreining ønskjer difor å informere om moglege tiltak og å finna ut meir om situasjonen for vipa i  vårt fylke. 

Målet med tiltaket er å få oversikt over vipene sin situasjon i Sogn og Fjordane, og samstundes informere om enkle grep som kan gjerast for å sikre at vipene lukkast med å få fram ungar.


Kva kan den enkelte gjere?

Vi er sikre på at mange grunneigarar ynskjer å ta vare på denne kulturmarksfuglen. Det er ein del enkle tiltak den enkelte kan gjere og som kan ha mykje å seie:
 

  • Merk reiret med ein tynn pinne slik at ein ikkje uforvarande køyrer over reiret når ein arbeider med jorda. Pinnen bør vere så tynn at den ikkje er eigna som sitjestad for skjor og kråke.
     
  • Reir kan flyttast nokre få meter ved å ta ei spade under heile reiret når ein skal pløya, ved gylling med slange eller liknande. Legg det helst tilbake etterpå.
     
  • Dekk reiret med ei bøtte eller plast for ei kort stund når det vert spreidd møkk.
     
  • Når ein skal slå graset vil det beste vere å ta til i midten og arbeide seg utover, slik at ungane får røma unna. Spar helst litt gras i kantane der ungane kan gøyma seg.
  • Der ein nyttar andre til å gylle eller slå for seg må ein hugse å informere desse om reir og kva tiltak som kan gjerast. 

 

Meir kunnskap

FOTO: Anders Braanaas.

 

Vi ønskjer å få eit tal på hekkande fuglar, og finne kjerneområde for vipe i fylket. Vi er takksame for tips frå dei som finn hekkande fuglar. Det er fuglar som viser klare teikn på å hekke, som varslande åtferd, egg og ungar vi er interesserte i tips om.

Den som sender inn tipset bør opplyse om det er varslande åtferd, egg / reir eller ungar dei har observert. Vidare ynskjer vi namnet på den som sender tipset, kommunenamn, og namnet på staden der vipa hekkar. Gjerne og namnet til grunneigaren. Folk kan gjerne skrive inn informasjonen som ei melding på vår Facebook-side. Eller dei kan sende e-post til Jan Ove Sagerøy på janoves@yahoo.no, ringe han eller sende SMS på 917 21 073. For dei som er brukarar på www.artsobservasjoner.no kan dei leggje observasjonen direkte inn der. Der vil vi opprette eit eige prosjekt på vipe i Sogn og Fjordane.

Det er også aktuelt å gjere grundigare undersøkingar av hekkesuksess på utvalde stader i fylket der vi veit det framleis er gode tal på hekkingar. Røynde fugleobservatørar vil oppsøkje moglege hekkeområde for å registrere hekkande viper. Så langt som mogeleg vil ein bruke kikkert og teleskop frå veg for å finna fuglane. Det kan vera aktuelt å be grunneigaren om lov til å gå ut på markene i terreng der ein ikkje har fri sikt frå veg.

 

Med venleg helsing

Norsk Ornitologisk Foreining

Sogn og Fjordane fylkeslag