I ein travel kvardag med tidspress og kav om å rekke over alt ein burde gjere, kan det fort bli til at ein ikkje tek seg tid. Tida til å stikke innom naboen eller vennen du ikkje har sett på ei stund, tida til ei god natts søvn fordi døgnet ikkje har nok timar i døgnet til søvn. Tid til å prate. Tid til å lytte. Livet er ikkje beint fram, og ekspertane seier at omlag halvparten av oss kjem til å møte på psykiske utfordringar ein eller fleire gonger i løpet av livet. Dette er ikkje spesielt for bonden, men det kan vere ekstra viktig å passe på dei som jobbar mykje aleine, slik bonden gjer. Kva kan vi gjere for å førebygge eller handtere vanskelege situasjonar?

Ta gjerne ein tur innom nettsida Godt Bondevett. Dette er ei nettside utarbeida i samarbeid mellom Norges Bondelag, Mental Helse Ungdom, Norsk Landbruksrådgiving, Norsk Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbrukssamvirke, Norges Bygdeungdomslag, Nortura og Ruralis. Hensikta med nettsida er å auke merksemda og ei bevisstgjering av kva som kan gjere ein forskjell i kvardagen for bonden, og du finn tips og råd til kva du kan gjere for å yte ein forskjell for andre rundt deg, og oversikt over nyttige nettsider og telefonnummer.

Kanskje i dag er dagen der du ringer den personen du lenge har tenkt å slå på tråden til? Eller inviterar naboen over på ein kaffikopp? Ta vare på kvarandre, ver rause, hugs at det alltid er hjelp å få, og ha ein fin dag!