- Eit høgdepunkt

RÅDGJEVAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anita Sæther gler seg.

 

-  Dette er eit arrangement for heile familien og for folk i alle aldrar. 

Sæther fortel at Open Gard er ein god sjanse til å oppleve dyr på nært hald, delta på aktivitetar og ete mykje god mat. 

- Det er ikkje mogeleg å trekke fram eit høgdepunkt, for det er så mykje bra. Eg ser at interessa for dei ulike aktivitetane varierer med alder. Dei små gler seg ofte til å sjå på dyr, medan dei vaksne tykkjer det er kjekt å prate med kvarandre og ete mat saman. 

 

Open pelsdyrgard

- I fjor hadde me open pelsdyrgard, det vart godt motteke. Difor skal me ha det i år også, det er eg glad for. 

Ifylgje Sæther er arrengementet elles likt som åra før. 

- Me har eit fast opplegg som mange set stor pris på. 

Kor mykje gler du deg?

- Eg gler meg veldig. No byrjar me bli ferdig med planlegginga, og då er det kun gjennomføringa som står att. Det brukar alltid vera veldig kjekt. Dessutan er det meldt sol, så dette må bli bra.