Vi ynskjer å vise fram den gode jobben bonden gjer, og med Bondelagets sommarkampanje #komhit vil vi prøve å synleggjere dette for alle som ferdas i Norge i sommar. I Sogn og Fjordan er vi omkransa av fjord og fjell, med mange bønder som jobbar hardt i eit til tider utfordrande miljø. Opplev Sogn og Fjordane gjennom å gå i bonden sine fotspor.  Vi har eit nydeleg fylke med mange flotte perler og ein fantastisk matproduksjon. 

Bondelag over heile landet set opp bilderammer på plassar med flott utsikt over kulturlandskapet eller andre produkt frå bonden. Desse kan du besøke i sommar, ta bilde og dele dette i sosiale mediar med #komhit #takkbonden og #norgetrengerbonden. I Sogn og Fjordan er så langt kome 11 rammer på plass og fleire er på veg opp. I dette Norgeskartet er alle koordinatane til rammeplasseringane samla.

Bruk #komhit og vinn gardsferie  for fire

Ved å bruke #komhit i sosiale mediar er du med i trekninga om å vinne ein gardsferie for 4 personar. Dersom du delar eit bilde med #komhit på Instagram er du automatisk med i konkurransen. Norges Bondelag repostar bilde kvar veke og trekker ut premiar til heldige vinnarar undervegs. Den 18. august vert hovudgevinsten trukke – ein gardsferie for fire personar ein plass i Norge.

Ikkje lat deg binde av rammen. Del gjerne bilde av dyr du ser på beite, god lokalmat, eller vakker natur som bonden bidreg til å forme og halde ved like. Alt bonden bidreg med til ferie-Norge kan delast med #komhit. Merk aller helst med #stadnamn òg slik at andre kan finne fram til same plassen. Tusen takk til bonden og den gode jobben han gjer. 

 God sommer, og god tur! 

Her kjem bilde og videoar frå dei ulike rammen i fylket:

Bergheim/Hjellebru. Ligg langs E39 og ein ser mot gardane som ligg på Gåsemyr og Strand. Fjellet Eggenipa i bakgrunnen. Her kan ein nyte utsikta, grille og fiske samtidig.

Holigeilane Her kan du kjøpe jordbær og samtidig nyte utsikta mot Byrkjelo-sentrum og  gardane på Bergheim. Det er mogleg å gå på den Trondhjemske postvei mot t.d. Utviksfjellet. Ligg langs FV60.

Våtedalen. Ein dal som er prega av beitande geit. Ein ser dalen, ein geitefjøs, og Stardalselva. Dersom ein er heldig får ein geite i bilderamma.

Osalia på veg til Gjengedalsstøylen i Hyen. Utsikt over Dalavatnet og Storevatn og fjell mot Jølster, Gloppen og Naustdal.  

Columbus-parken i Hyen sentrum med utsikt utover Hyenfjorden og mellom anna Straumsgarden.

 

Vågen Motell og Camping i Hyen med utsikt mot bedrifta brødrene Aa og gardane på Aa. 

 

 

Nesholmen i Hyen

 

 

Oppstryn og det fine kulturlandskapet kring Oppstrynsvatnet. 

Agjeldsnausta i Olden, Stryn byr på ei fin historie om kor viktig nausteplassen var før ein fekk veg til garden Agjeld. 

Ved NIBIO Fureneset ynskjer vi å rette fokus mot forskning som vert gjort for bonden.

Hellevik i Fjaler finn ein ei ramme som syner nydyrka eng ved sidan av nærbutikken.