Frå fylkesårsmøtet 2016

 

Klimaendringane er den viktigaste saka vår generasjon må finne løysingar på. Samstundes som verda treng meir mat opplever matprodusentar verda over allereie konsekvensane av at klimaet endrar seg. Ressursane må forvaltast slik at dei gjev mest mogleg produksjon med minst mogleg klimaavtrykk. Klimaendringane er allereie merkbare og krev at næringa og styresmaktene tek grep for å sikre matproduksjonen i heile landet.


Ein produksjonsstruktur tilpassa det lokale ressursgrunnlaget vil vere best rusta til å takle klimaendringane. Produksjonsfordelinga må ligge fast slik at vi oppnår best mogleg utnytting av dei norske arealressursane. Matproduksjon i heile landet og ein bruksstruktur tilpassa ressursgrunnlaget er avgjerande for klimasmart drift. Skal vi kunne hauste areala til rett tid og skape innovasjon med utgangspunkt i jord- og skogressursen trengst det personar i arbeid der ressursane ligg!


Samstundes har vi no ein situasjon på Vestlandet der store areal går ut av produksjon. Berre i Sogn og Fjordane snakkar vi om 100.000 dekar dei siste 10 åra. Pila for distriktsjordbruket peikar feil veg. Dette må snuast, elles vil vi
sjå ei attgroing av areal som vil vere dramatisk både for matproduksjon, biologisk mangfald, verdiskaping og landskapet i vår del av landet!


Når stadig meir areal går ut av drift, er det eit sterkt signal om at verkemidlane som skal kompensere for struktur, arrondering og kostnader i produksjonen ikkje er gode nok. Det må takast på alvor om ikkje vestlandskysten skal bli
Noreg sitt svar på dei ”svenske skogane”. Det må kome eit økonomisk LØFT. Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag krev eit økonomisk løft for dei mindre og mellomstore einingane. Alternativet er avvikling på sikt, står det avsluttningsvis  i fråsegna frå fylkesårsmøtet.