Norsk mat er ikkje sjølvsagt.  For å vise det, blokkerte vi utkøyring av mjøl til bakeria i Norge.  Saman med  ein enkelt organisert aksjon var det nok til å tømme svært mange butikkhyller for brød.  På den måten ville vi vise kor sårbar mattryggleiken og forsyningssituasjonen er i Noreg.

Aksjonen var retta mot regjeringa, og vi orsakar dei ulempene den medførte for deg som forbrukar.  Stortinget har bede bøndene om å produsere meir mat.  Staten sitt tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer tek ikkje målet om auka matproduksjon på alvor.  Utan ei tydelegare satsing på landbruket, når vi ikkje Stortinget sitt mål.   Årets jordbruksoppgjer handlar om å sikre forbrukaren trygg norsk mat også i framtida, avsluttar ein svært tydeleg fylkesleiar Per Hilleren.