Synte kor sårbare vi er
Ein kan meine mangt og mykje om våre aksjonar, men det er ikkje tvil om at brødaksjonen syner kor sårbare vi er, seier fylkesleiar Per Hilleren. Det var ikkje lange stunda, og dei store tiltaka som måtte til for å tømme dei fleste butikkane for brød.
Norsk mat er ikkje sjølvsagt. For å vise det, blokkerte vi utkøyring av mjøl til bakeria i Norge. Saman med ein enkelt organisert aksjon var det nok til å tømme svært mange butikkhyller for brød. På den måten ville vi vise kor sårbar mattryggleiken og forsyningssituasjonen er i Noreg.
Aksjonen var retta mot regjeringa, og vi orsakar dei ulempene den medførte for deg som forbrukar. Stortinget har bede bøndene om å produsere meir mat. Staten sitt tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer tek ikkje målet om auka matproduksjon på alvor. Utan ei tydelegare satsing på landbruket, når vi ikkje Stortinget sitt mål. Årets jordbruksoppgjer handlar om å sikre forbrukaren trygg norsk mat også i framtida, avsluttar ein svært tydeleg fylkesleiar Per Hilleren.