- Dette er horribelt. For eit år sidan gjekk fleire politiske parti for ei bærekraftig utvikling, no snur dei tvert om. Det er å halde folk for narr. 

Det seier Atle Roger Evebø, leiar i Fjordane Pelsdyralslag. Han fortel at det er 12 -14 personar som driv med pelsdyr i Sogn og Fjordane, og at han har fått mange tilbakemeldingar etter det vart kjent at Regjernga vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa.   

- Det er mange som er oppgitt over heile greia. Me trudde me skulle få fred nokre år no. Det kjem stadig nye lover og forskrifter og det er greit, men no er det blitt håplaust. 

 

Korleis ser du på vegen vidare no?

- Me får ta ting litt som det kjem, eg veit ikkje nok om kva dette innebær til å kunne uttale meg no.