- Det vil vere viktig å styrke kornøkonomien for å kunne nytte alt areal i landet til den produksjonen det er best eigna for, samstundes har vi eit stort behov for å styrke økonomien i husdyrproduksjonen i distrikta.   Innan ei svært nøktern ramme er det vanskeleg å få til begge deler.  Særleg saknar eg eit løft for distriktstilskotet på mjølk.  Kjøt  og frukt/bær ligg inne med auke og det er flott, men det er også trong for å løfte mjølka på Vestlandet.  Vi ser årsvisst at Vestlandet sakkar akterut i høve til andre landsdelar med eit par tusen kroner og det er ikkje bra.  Her må det gjerast grep, held Felde fram.  Driftstilskotet for mjølk vert fremja auka med kroner 12.000 og det er bra for alle mjølkeprodusentar, men særleg dei mindre einingane nokon vi har mange av i vårt fylke, seier Felde. 

Det er også positivt at det i kravet vert sett tak på kor mange dyr og dekar som kan få tilskot.  Det vil kunne rette opp nokon av dei enorme tilskota som fjoråret gav når det gjaldt tilskot til bruk med industristorleik.  Oppsummert er kravet nøkternt, godt balansert men med ei tydeleg prioritering av kornøkonomien.

Kravet er nøkternt og det er å forvente at Staten ved sitt tilbod ser dette og fremjar eit tilbod som kan gje grunnlag for forhandlingar og avtale håpar Felde.

Kravet ved årets Jordbruksoppgjer