Arild Herstad får Anders si matkasse av Merete Støfring, organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- Eg meinar det er ganske kurant å verve, det er kjekt å prate med folk. Når eg spør om folk vil bli medlem, treng dei ofte tenkje på det. Eg passar på å fylgje dei opp, og spør på nytt etter ei lita stund.  

I fylgje Arild Herstad, leiar i Naustdal Bondelag, er ikkje vervearbeid noko hokus pokus. Det handlar om å "tørre og spørre". 

- Eg trur kanskje mange gruar seg litt for å spørje, men det verste som skjer er at folk svarar nei. Eg trur også det er tilfeldigheiter som gjer at ein ikkje er medlem i organisasjonen. 

Sogn og Fjordane Bondelag har for tida ein vervestafett, der Arild Herstad vann fyrste etappe. Torsdag 5. januar fekk han Anders si matkasse, samt heider og ære under regionmøtet i Eikefjord.

- Dei var kjekt. Naustdal Bondelag har hatt mykje fokus på verving, for me ynskjer fleire med på laget. 

 

Skryt frå fylkesleiaren

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- Det er veldig bra. Naustdal Bondelag tek verving på alvor, og det er kjekt å sjå. 

No håpar Felde at fleire lokallag fylgjer etter, og tek tak i vervinga. 

- Det handlar om å "tørre og spørre", for me har plass til fleire i organisasjonen vår.    

 

Etappe to av vervestafetten er alt i gang, og den held fram til 29.januar.