Open Gard i Svardalen var vellukka, over 500 var innom.

 

Det er nok ikkje siste gong vesle Ingeborg er med pappa Ole-Ivar Åm Sognnes på bondelagsstand. Rekruttering er viktig!

 

Steintøff 4H i full sving med svelesteiking.

 

I lavvoen til Steintøff 4H spratt det popcorn over bålet.

 

Boa-geitene var veldig populære, men på slutten av dagen ville dei gjerne finne på litt ramp. Som å prøve å stikke av...

 

Laila Øren og Bjørn Øren hadde det travelt i grillinga.

 

Hønsebingo er kjempespennande! Nokre av dei besøkande hadde sikra seg lodd, og var spente på kvar hønselorten først ville havne når hønsene slapp inn i buret.

 

50! Talet vart 50...

 

Skal det vere litt gras frå den andre sida av gjerdet?

 

TUSEN takk til vertskapet, som har gode grunnar til å smile! Frå venstre: Asle Magne Ellingsrud, Elisabeth Solheim, Camilla Herland Svardal og Stein Ove Svardal.