Foto: foreininga Lærdalsmarknaden

 

- I år var det veldig hektisk, spesielt på laurdag. 

Det seier Jon Tamnes i foreininga Lærdalsmarknaden. Han trur det vart besøksrekord i år. 

- Me har ingen tal å syne til, men eg har aldri sett så mange her før. 

 

 

Suksess

Foto: foreininga Lærdalsmarknaden

 

- Folk handlar mykje, det er verkeleg kjekt å sjå.  

Tamnes fortel at han har fått mange gode tilbakemeldingar på arrangementet. 

- Det er så kjekt å få positive tilbakemeldingar, no gler me oss til Julemarknaden nest siste helga i november. 

Foreiniga Lærdalsmarknaden arrangerer tre marknadar i året. 

- Det er kjekt arbeid, spesielt når ein får positiv respons. 

 

Bileta har me fått løyve til å bruke av foreininga Lærdalsmarknaden